lørdag, desember 20, 2014


Slik vil Tresfjordbrua krysse fjorden mellom Remmem og Vikebukt                                                       Animasjon:  Statens vegvesen

Nyheter frå Eksportvegen

OFFISIELL OPNING AV VÅGSTRANDSTUNNELEN TORSDAG 18. DESEMBER FRÅ KL 1200


Statens  vegvesen har sendt ut denne tekniske og praktiske informasjonen om Vågstrandstunnelen:

Endelig er strekningen mellom Våge og Stolsneset rassikker. Etter 27 måneder byggetid står den

 3,7 km lange tunnelen ferdig. Vi ønsker å takke trafikanter og naboer for tålmodighet og godt

 samarbeid, og inviterer til åpningsfest torsdag 18. desember ved tunnelåpningen på Våge. Det vil

 bli åpen tunnel på Våge fra kl. 1200 med mulighet til å gjøre seg kjent med sikkerhetsutstyret som

 er installert i og ved tunnelen. Selve åpningsmarkeringa vil foregå fra kl. 1330–1400, med trafikkpåsetting like etterpå.

Velkommen til åpningen av

Europaveg 136 ,Vågstrandstunnelen, torsdag 18. desember 2014 

 

 

Lagt til: 13. desember 2014

BRUDEKKEBYGGING FRÅ LANDFESTET PÅ VIKEBUKTSIDA I FULL GANG


Brudekkebygginga av Tresfjordbrua har frå starten av vore konsentrert frå Remmemsida. Dette arbeidet er avslutta etter å ha nådd meir enn halvvegs over fjorden. No er det frå landfestet for brua på Vikebuktsida utover fjorden brudekket skal byggast. Med det har arbeidsretninga med brua snudd 180 grader, frå aust mot vest.
Flyttinga av forskalingsbjelkane til Vikebukt måtte gjerast med ei eigen kran. No er forskalings- og armeringsarbeidet frå landfestet til akse 1 i full gang. Målet
 er å kunne støype denne delen av brudekket før nyttår.
Som vi kanskje alt ser, vil stigninga opp til gjennomseglingsløpet vere størst frå Vikesida.

Lagt til: 2. desember 2014

DAGEN FOR OPNING AV VÅGSTRANDSTUNNELEN NÆRMAR SEG


 Vågstrandstunnelen --- om få dagar ei ny og etterlengta, sikker vegstrekning på E136--

.
Elektroniske funksjonar
Heilt sidan i sommar har det vore arbeidd med montering av elektrotekniske installasjonar gjennom heile tunnelen, og det er eit omfattande arbeid.

Ein moderne tunnel skal ha innebygd mange elektroniske funksjonar. Sikringskrava er store, og vi  ser   både nødtelefonar , brannsløkkingsutstyr  og nødlys med jamne avstandar mellom, på tur gjennom tunnelen.
Bortsett frå mobilnettet som blir noko forseinka, skal  alle installasjonar  inne i tunnelen vere driftsklare til opninga.  Til og med gulstripa i midten er ferdig.
I tillegg er det lagt "rumlefelt"  på begge sider og i midtfeltet av vegbana.

Sikringskrava
Etter ferdigmonteringa inne i tunnelen, står ein 14 dagars prøveperiode att, før tunnelen kan opnast for trafikk.
I nært samarbeid med entrepenøren har Statens vegvesen i lengre tid arbeidd for å sikre at  Vågstrandstunnelen
kan opnast før jul.

Målet  er å kunne opne Vågstrandstunnelen torsdag 18. desember.
Enno kan ikkje Statens vegvesen love at dette  vert dagen, men dei arbeider med det som mål.

Opninga av Vågstrandstunnelen vil verte ein merkedag for mange, men spesielt for alle nær- og fjerntrafikkantar som får ein heilt ny, moderne og om lag 4 kilometer lang, trafikksikker veg på  strekninga Vågstranda - Måndalen.

Kva står att?
Vegtilknytinga til E136 i begge endar av tunnelen er under arbeid og skal asfalterast i veke 49 (første veka i desember).
I tillegg er det ein del  mindre arbeid og opprydding. Men like fullt meiner Statens vegvesen at 18.desember bør vere ein realistisk opningsdato dersom tilsynsmyndigheitene innan den tid gir si godkjenning.

Etter du har lese denne sida av bloggen, klikk på tittelen , så kjem bildesida fram.
 Lagt til: 27. november 2014

Aktivitetsplan

Siste framdriftsmål

1.  Avtalar med entrepenørar  - hausten  2012

2.  Anleggsstart - hausten  2012

3.  Ferdig  tunnel   årsskiftet  2014-15

4. Ferdig bru   hausten  2015

 

Budsjetterte kostnader for fellesprosjektet

Siste kostnadsoverslag i millionar 2013 - kroner

Etter siste prognosen er kostnadsoverslaget per august 2013  1.592 mill. kroner .Per 01.01. 2013 er vegfritak for mva oppheva. Dette har ført til  auka brutto kostnadsanslag for fellesprosjektet med 187 mill kroner. Mva -kostnaden vert dekt av staten.   
Fellesprosjektet omfattar:
► Vågstrandstunnelen med tilførselsvegar
► Tresfjordbrua med tilførselsvegar
► Miljø- og trafikktryggingstiltak rundt Tresfjorden

Siste brutto kostnadsprognose per august 2013 viser:
 for Tresfjordbrua   1085 mill kroner
for Vågstrandstunnelen   482 mill kroner
for miljøtiltak rundt Tresfjorden     25 mill kroner

Stortingsproposisjonen om Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen , vart samrøystes vedteken av  Stortinget  31.mai 2012.
Copyright 2009 by DotNetNuke Corporation